Om hardanger aks as
OM
HARDANGER AKS
Hardanger AKS AS
Om Hardanger AKS
Vårt samfunnsoppdrag er å tilby arbeid for personar med nedsett arbeidsevne – samt tilby hjelp til personar som slit med å få seg jobb.
Hardanger AKS er ei bedrift som tilbyr velferdstenester på same tid som me er ein lokal produsent av ulike varer og tenester. Hardanger AKS vidarefører arbeidstilboda som Storeholmen – sidan 1987 – har gjeve personar med nedsett nedsett arbeidsevne.
Etter at Norheimund Industrier vart oppløyst i 2013, overførte NAV delar av velferdsproduksjonen til Storeholmen as. Dette tilbodet består av å tilføra kompetanse til personar som av ulike årsaker må ha hjelp til å koma seg inn i det ordinære arbeidslivet. Dette føregår internt i eigen produksjon, men også eksternt i ordinære bedrifter.
Det er i dag vel 70 personar som har sitt daglege arbeid ved Hardanger AKS as. Omlag 40 av desse er personar med nedsett arbeidsevne. Me har til ei kvar tid inne omlag 20 personar som får tilbod om kvalifisering til ordinært arbeid eller avklaring av arbeidsevne. Me har også språktrening for flyktningar gjennom språkpraksisplassar.
Verksemda er eigd av Kvam herad, Samnanger Kommune, Hordaland Fylkeskommune samt Kvam og Jondal NFU. Verksemda skal ikkje gje aksjonærane økonomisk utbytte. Alt overskot skal bli i verksemda og koma attføringsverksemda til gode.
Lokal produksjon
Rask levering
Produkt av høg kvalitet
ADMINISTRASJONEN I HARDANGER AKS AS
Ona M. Waage
Administrasjonsleiar
Tlf.: 40 03 42 40
E-post: [email protected]
Øyvind Aksnes
Dagleg leiar
Tlf.: 47 47 70 40
E-post: [email protected]
Atle Bredesen
Leiar for attføring og språkpraksis
Tlf.: 40 61 22 60
E-post: [email protected]
Vårt arbeid
Excepteur sint occaecat cupidatat non proident, sunt in culpa qui officia deserunt mollit laborum. Sed ut perspiciatis unde omnis.